Kva er det med desse Pleiadene?

Fekk so lyst å skrive om denne mystikk…ikkje at eg forstår det …men er faktisk svært fasinert av denne mystikk…:)

Så also det eg skriver her er “mine tolkningar og oppfatningar”…og ikkje anna..så kanskje ikkje alt er heilt “rett” skissert..)

Pleiadene er eit stjernebilde på himmelen som blir kalla “Sjustjerna” eller “dei 7 søstre”. Den blir Vitenskapeleg kalla M45. Eg kaller dette bildet “den lille karlsvogna” fordi den likna på den vi kaller Karslsvogna berre i mykje mindre “målestokk”. Pleiadene er godt synleg på himmelen…

Navnet “Pleiadene/Peleiadene” er knytta til eit gresk sagn om 7 jomfruer som leika i skogen. Ein dag blei dei forsøkt voldtatt av sjølvaste Orion, og måtte flykte. Under flykten fekk dei hjelp av Zevs (Jupiter-lat/ Dyaus-sanskr/ Ty-norønn), som forvandla dei til 7 duer som flaug til himmelen med Orion i hælane. På himmelen blei dei 7 jomfruer forvandla til 7 stjerener (also Pleiadene)….Orion har forfølgt dei til dags dato…(Orions belte og Pleiadene er ganske nær kvarandre på stjernehimmelen sett frå Jorda vel og merke).

Pleiadene er også nevnt av Hesiod (800 f.kr) og av Homer i Illiaden og Odysseen (800-700 fkr).

Hesiod (gresk “poet”) brukte navnet “Peleiades” (kvite duer), det samme gjorde Simonides (500 f.kr).

Pelegon var i følge mytene Atlas far (Atlantis grunnleggar)…..Pleiadene var dei 7 døtrene til Atlas og Pleione…

Bibelen og Pleiadene: (Pleiadene nevnes 3 gongar i Bibelen trur eg)

1) Jobs bok 38:31-32 (bokmålversjon)

“Kan du binde Pleiadenes bånd?

“eller kan du løse Orions lenker”?

“kan du føre dyrekretsens stjerner frem til rett tid, eller Bjørnens unger”?

I min Nynorske Bibel står det om det samme:

“Kan du knytta sjustjerne bandet eller løysa Orions lekkjer”

“kan du få kveldsstjerna fram i rett tid”?

“eller leia Løva og hennar ungar”?

Vel….? (Løva og Bjørnen…?)

2) Jobs bok 9:9

3) Amos 5:8 (”Han som skapte sjustjerna og Orion”)

…ikkje til og bli klok på nei..?

Orions belte blir og kalla “Jacobsstavane”…?

I Norønn mytologi er Pleiadene presentert som dei 7 hønene omkring Frøya….Frøyas spinnerokk var eit symbol på Orions belte (samisk mytologi omhandler Rana Nicjta…?)

Karlsvogna er ein mindre del av stjernebildet “Store Bjørn”…(Ursa major)…dette navnet kjeme i frå gammalnorsk “Karlavagninn” som betyr “kar-vogna”, vogna til guden Tor….

Aztekerne kalte Pleiadene for “marketsplassen eller forsamlingsplassen”

Inkaene kalte Pleiadene for “den som sprer frø” eller “den som sår”..(gartnerne..?)..

Talmud (jødisk skrift) fortellar at Pleiadene består av 100 stjerner og forbinder dei med Syndefloden…..(”Gud tok 2 stjerner frå Khima (pleiadene) og kasta dei ned på Jorda….syndeflod og elende følgde så…han tetta så hulla på stjernehimmelen med 2 stjerner frå “store Bjørn”…)   …Derfor forfølgar bjørnen pleiadene, fordi ho ønsker sine ungar tilbake (bjørnens ungar i Jobs bok)…noko ho ikkje har fått til dags dato….

Tips oss hvis dette innlegget er upassende