Ja for ein kan vel godt kalle det som skjer i verden i dag ein slags ”kamp” om korleis ein velger å tenke om andre mennesker, miljøet, Jorda, vitenskapen, relgionane, menneskeskapt global oppvarming, pengemakta, oljemakta, mediasirkuset, papirslaveriet, medisinmakta, GenManipulert mat osv. Uansett kva versjon du får av såkalla ”fakta” ser det ut til å vere ”beviser” som tilseie det motsatte av den ”faktaen” som ein trudde på. Also ein er kome dit hen at det kanskje ikkje lenger finnast nokon bevis anna enn inni deg sjølv? Informasjonsflommen er so overveldande at ein har ikkje sjangs som eit vanleg menneske å følgje med på alt som skjer. Derfor trur eg no at det er utruleg viktig å stole på sin eigen intuisjon og følelsar (Bevisstheit) som ”gir oss” den ekte sannheita for oss sjølv og menneskeheita heilheitleg sett….

Og det er eigentleg denne ”kampen” eg vil skrive om i dag. Du kan forsette og glo på TV og lese aviser og tru at systemet vi lever under ordnar nok opp i alt som er gale tilslutt………eller ein kan begynne å forstå at det er systemet som er sjølve hovedproblemet……..fordi systemet ikkje er grunna på naturen sjølv men på noko unaturleg som ikkje har rot i naturens eigne prinsipper…

Dersom ein trur at ”den sterkastes rett” er noko naturleg medfødt i oss må ein tru om igjen trur eg , fordi dyr er ikkje egoistiske dei lever berre naturleg. Vi mennesker derimot har overført dette til å bli noko alla ”den med mest jordisk rikdom og makt” vinner spelet. Og deri ligger ”egoismetankegangen” som er satt inn i systemet som vi lever under i dag og som eigentleg er totalt unaturleg for menneske”dyret”.

Vi brukar i dag ca 3% av vårt DNA. Resten kallar vitenskapen for ”søppel-DNA”. Og endå så skryter dei av å ha kartlagt heile vårt arvestoff tiltross for at dei ikkje forstår kva dei andre 97% av DNA driver på med. Mange ”ikkje offentlege godkjente vitenskapsfolk” trur at dei  97% er svært so viktig for menneska og kan også ha med vår evne til å tenke bevisst å gjere. Dei meinar bla at DNA kan ha ein avansert antennefunksjon som har elektromagnetisk forbindelse med andre mennesker og naturen rundt oss. Men all vår bruk av ”syntetiske” stråler påverkar oss til IKKJE å legge merke til våre naturlege antennefunksjonar….(syntetisk stråling frå :mobiltelefon, TV, Haarp, radio, satelittar, høgspentmaster…osv).

Menneska og naturen rundt oss er oppbygd av atomer. Vi består av ca. 100 ulike grunnstoffer og av desse er Oksygen, Carbon, Hydrogen og Nitrogen dei ”regjerande” sidan sånn ca over 90% av oss er laga av desse i lag.

Eit atom består av 99,999 999 999% ”Tomrom” (”vakum”). Og so innbiller ”den offentlege godkjente vitenskapen” oss at dei har svaret på nesten alt og er nesten ”i mål”??? Tomrommet består ikkje av tomrom men av energier av ulike slag som sjølv N.Tesla sa i si tid. Og energier er jo ikkje å spøke med er dei vel sidan dei verken kan skapast eller forsvinne men berre omformast frå ein form til ein anna ? Og kva er det som omformar energiane i ”tomrommet” til noko anna tru? Vår Bevisstheit?

Vi består med andre ord av ”tomrom” og vatn (H2O) meir eller mindre. Og EM stråling av ulike slag både det synlege og det usynlege påverkar oss og vårt ”tomrom” på måtar vi endå ikkje klarer å fatte. Men det ER bevist at det påverkar oss og vår eigen aura som omsluttar oss. Og også vår måte og tenke på påverkar tomrommet og vatnet i oss.

Elektroner som spinner rundt atoma er ikkje bevist at dei er der i det heile. Det er berre sjølve fokuseringa på at det er noko der som er ”beviset” (energiutrålinga deiras meg forstått). Elektrona står aldri i ro og beveger seg som om dei er både uendelege og usynlege. Det er berre energi-utstrålinga deiras som gjere dei ”synlege”…………..

Evolusjonsteorien til Darwin er heller ikkje bevist! Dette er framleis berre ein TEORI! Sjølv om alle lærebøker er fulle av evolusjonsteoriens ”beviser” så finnast desse beviser also ikkje! Det er etterkvart ganske so mange biologar som snakke om dette no tiltross for at dei er kasta ut av ”varmen” til den ”offentlege godkjente vitenskapen” (som also styresmaktene har ”godkjent” på eit papir….also ”papirlov”!). Evolusjon kan sjå ut til å skje plutseleg og ikkje gradvis og då innan den same arten. Fuglane på galapagos har endå ikkje blitt til noko anna enn ….fuglar….men med heilt spesielle eigenskaper tilpassa sitt miljø. Eigenskapane var kanskje der i frå starten av. Also gen eigenskapen hos fuglane er ikkje kome gradvis via evolusjon, men via at eigenskapen blir ”slått på” i eit allereie eksisterande arvemateriale. Og grunnen til at det blei slått på var eit umiddelbart behov for å overleve?

Og kor er alle mellomledda til f.eks elefanten? Dersom denne utvikla seg gradvis over lang tid så burde det jo finnast skjeletter av mellomartane også. For alt mellom elefanten og dens stamfar (eit lite hovdyrliknandes dyr?) burde jo og vere ulike artar ikkje sant om utviklinga gjekk gradvis over millionarvis av år? Eller kan det tenkast at dette lille hovdyrliknandes dyret plutseleg og kollektivt fann ut det var best å ”slå på” alle elefant gena våre slik at vi kan overleve denne naturkatastrofen……..?

Og kanskje samtidig fann slangen i havet ut at den i stedet for å leve i havet ville snike seg på land og ”slå på” egg gena sine slik at den slapp å leve heiletida i havet som var blitt surt og varmt etter ein naturleg global oppvarmingsperiode. Og foreldra passa på sitt nyskapte avkom før dei sjølve døde ut………..?

Det er bevist at det skjer plutseleg evolusjon (plutseleg Utvikling) må mikronivå der celler forandrar seg spontant mht måten å skaffe energi til cella på f.eks. Dersom ikkje cella klarer å forandre seg ved å f.eks ”ete” fruktose i stedet for maltose vil den dø ut. Cellekolonier ser ut til å ha evne til å forandre ”oppskrifta si” utifrå dei same ingrediensane ved å lage ”nye” enzymer som dei trenger der og da kollektivt og also umiddelbart. Dette er evolusjon (utvikling) i praksis og det skjer also ikkje over laaaaaaaaaaang tid med plutseleg. For hadde ikkje cella klart å plutseleg forandra seg ville den dødd der og da.  Høyrt om antibiotika resistente bakteriar???

Så kanskje blei vi skapt av Gud likavel då i Guds bilde ? ;) (Hedning som eg er …som ikkje betyr anna enn…”ein som bur på landsbygda blant dei ”uvitne”)……haha (ja fordi menneskeorda er jo tolka av dei med makt må du forstå……;) )

Kanskje ligger alle dyrs eigenskapar i alles arvemateriale slik at det er vår bevisstheitsevne som avgjere kva ”dyr” vi blir…….

Fosterutviklinga er jo tross alt ganske so lik i dei første stadiene…….

Så om du vil bli ein elefant i ditt neste liv er det berre om å gjere å tenke bevisst nok ;)

Det er i alle fall etter mitt syn noko alvorleg gale med Darwins evolusjonsteori…..

Darwins arvelære er bevist fungerar og also ingen teori. Genmaterialet går i arv frå foreldra til barna. Men dette skjer also innan arten og ikkje mellom artane. I dei fleste tilfeller der ulike artar har samkvem (betyr:elskar;) med kvarandre er avkommet deiras sterilt slik at det ikkje oppstår plutselege nye artar på den måten. Avkommet etter hest og esel er muldyret………..men muldyret er sterilt og blir kalla ein ”hybrid” og ikkje ein ”art”. Genmanipulerte frø blir og kalla ”hybridfrø” fordi dei er sterile.

Og kor i alle dagar er alle desse gradvise utviklandes ulike dyreartane og menneskeartane blitt av henne undra eg meg? Apene, neandertaliene og homo erektus til also ”supermennesket” homo sapiens” er alt vi har å ¨skilte” med i vår laaaaaage gradvise utvikling frå ursuppa? Og so finnast det jo sjølvsagt ein heil haug med kranier og beinrestar som ikkje passa inn i denne lange og gradvise utviklinga vår, men dei er so plagsomme at dei blir lagt i skuffer slik at dei ikkje skjemmer ut dei fine ”gradvise” utviklingsdiagramma vi lærer om på skulen.

Ein skulle kanskje tru at vi snart hadde i det minste fått eit mellomledd til ein ny art utifrå hundeavling sidan dei er blitt gradvis forandra både i størrelse og utsjånad i alle retningar. Men hundar er dei endå alle saman ser det ut til. Sjølv om kanskje nokre av dei kan sjå ut til å ha potensialet i seg til å bli noko heilt anna….….hehe.

Og kanskje vil framtidas mennesker finne alle dei ulike hundeskjelletta og kanskje dei då trur at hunden må kome frå rotta sidan dei minste hundane …..liknar rotter….øh? (i rottas forsvar her vil eg berre seie atte: Rotter er utruleg søte og reinslege……snakker av erfaring her fordi vi har 4 av dei i hus ;)  mot min vilje ja….men ok…dei er faktisk skjønne! (var det nokon som sa ”fri vilje”?????????????)

Vi veit at menneska blir påverka av stråling av alle slag. Det er og bevist. Tv her er berre eit lite eksempel på kva ”krefter” det ligger i ”syntetiske” stråler:

TV strålinga påverkar hjernen vår ubevisst. Vi blir mest hypnotisert av desse TV-strålane til å sitte passivt og glo endå meir. Og i ein slik ”hypnotisk” tilstand er det veldig lett å drive med indoktrinering av ”sannheiter” som hjernen så oppfattar som ”sannheiter” men som also overhodet ikkje trenger å vere sant i det heile!! Ein kan med andre ord seie at TV er laga slik at det ”koblar ut” din eigen evne til å tenke sjølvstendig medan det samtidig ”plantar inn” sine ferdige tankar i din hjerne. Also den ”tenker” for deg slik at du sjølv slepper å tenke. Media er styrt til å sende propaganda i land som f.eks Nord Korea og trur du verkelegen at media i Norge er så veldig mykje betre??

Når forhennværande president Bush ramsa opp alle landa som tilhøyrte ”the evil axis of terror” var desse samtlege land som ikkje hadde ein Sentralbank. Og koffor var dei ”onde” tru? Fordi dei få som styrer verden i dag ikkje endå hadde fått ”sugerøret” sitt inn i desse landa via ein sentralbank? Så i stedet for å kalle denne kampen for ”kampen mot terrorisme” kunne Bush ha sagt rett ut og kalt det for det det egentleg er nemleg ”kampen om naturressursane i landet ditt” eller ”kampen om Pengemakta over deg” eller Den Nye Verdensordninga som Obama (og Bush) snakka om der nokre få skal styre over heile verden ”i fred og harmoni” og menneskesauene skal la seg lede av denne ”snille” men dog fryktsomme maktelite………..eller?

Våre ”Styresmakter” ser ut til å vere styrt ubevisst (?) av denne lille usynlege griske elite via Pengane våre dessverre………sjekk berre ut kor alle oljepengane våre blir av (mitt forige innlegg omhandla litt om dette). Oljepengane blir for å seie det enkelt hovedsakeleg ”gitt” til private korporasjonar som får bruke pengane til å vokse seg store og feite. Dei slepper med andre ord å gå på setra å gjere seg feite….

Såleis er våre oljepengar med på å forsure og oppretthalde det allereie eksisterandes unaturlege systemet i verden i dag. Derfor stinkar oljefondet! Det er med på å forsure verden!

Mediapropaganda: Koffor trur dokke VGB eigentleg vil bli kvitt oss ”normale” bloggarar? Fordi vi kanskje faktisk har noko å fare med som kan avsløre dei med pengemakta om kor korrupte dei eigentleg er? Jo fleire som forstår at vi er styrte av pengemakta jo reddare blir dei og jo fleire lover, reglar og anna rart innfører dei for å stresse oss og sløve oss ned i ubevisstheita igjen. Dei vil unngå at vi blir forena i Bevisstheit……..?

Det er bevist at mange av kjemikaliene vi brukar til dagleg påverkar vår evne til å tenke bevisst. Eit lite eksempel på kva som kan redusere vår bevisste tankeevne kjemisk:

NatriumFluorid  (tannkrem, drikkevatn), kvikksølv (amalgan, vaksiner, mat, sprøytemiddel, kontaktlinsevæsker), aluminium (steikepanner, sprøytemiddel, geoengineering, vaksiner, kosmetikk), Barium (våpen, geoingeneering), dioxiner (sprøytemiddel, oljeindustrien), bly (oljeindustrien), E-stoffer (Aspartame, natriumglutamate). Alle desse stoffa ser ut til å skade ditt arvemateriale og din hjerne på mikronivå! Koffor blir det stadig  gjort unntak frå lovverket via td vaksiner?

Vi blir fortalt at nazistane tapte krigen men så er ikkje tilfelle. Det var Tysklands befolkning som tapte krigen. Den styrandes makt-elite av nazistar fekk hjelp til å rømme til nord og sør Amerika og Russland bla. Nasa blei oppretta i 1958 og mange nazistar var å finne i dette organet. Dei fekk berre ny identitet slik at kunnskapens deiras kunne brukast vidare i pengemaktas interesser. Og trur du Paven var uskyldig?

Fluor blei testa på jødane under 2 verdskrig via drikkevatnet for å finne den dosen som gav ”usynleg nedsløvingseffekt på menneska”. Ca. 1955 blei fluor i form av Natriumfluorid ”offentleg godkjent vitenskap” i din tannkrem. I dag brukast den same type fluor i tannkremen din og i drikkevatnet i mange land utan at folk reagerar i det heile. Natriumfluorid er 80 gangar giftigare enn naturleg Kalsiumfluorid i vatn (NaF er i rottegift pga sin giftigheit!). Barn har faktisk dødd av å svelge tannkrem!

Er verden blitt gal? Eller er det vi som har gjort den gal i vår ubevisstheit?

Systemet (pengemakta/papirmakta/lovmakta/oljemakta etc) vil ikkje forsvinne av seg sjølv…………………..

Systemet er ei ”syntetisk makt” som kun forsvinner dersom vi sluttar å støtte det! Systemet er laga slik at det beskyttar seg sjølv. Og å prøve å forandre det innanfrå er umogeleg. Mangen har prøvd og endar opp som ubevisste løgnarar eller passive nikkedokker eller dør av hjerteinfarkt.  Og det hjelper heller ikkje å hate dei ubevisste for sin ubevisstsomheit….for då blir ein sjølv ubevisst………?

Dette er tida til å begynne for alvor å tenke over dei viktige spørsmål i Ditt Liv!

Det finnast etter mitt syn kanskje berre ein måte å forandre verden på På Fredleg vis og det er når mange nok mennesker står saman i lag og er den forandringa vi ønsker å sjå i verda. Vi kan ikkje lenger vere ubevisste sauer (menneska) som fryktar sauehunden (styresmaktene). For kva kan vel ein sauehund gjere mot ein samla bevisst flokk som ikkje lenger vil la seg styre av frykt og leda inn i ein bås………?

Menneska Er ikkje egoistiske eller ”onde” i sitt innerste naturlege hjerte……det er berre frykta for det uforståelege som har gjort det slik……

Tips oss hvis dette innlegget er upassende