Og det til tross for at svært mangen havforskarar, biologar og andre naturforskarar frarådar fjorddeponi av gruveslam på det sterkaste. I verden generelt blir det sterkt fraråda å bruke fjordar som avfallsplassar for gruveslam pga svevepartikklar og alle giftstoffa i slammet som skadar økosystemet i fjordane. Likevel ser det ut til at  Norge er eit ULAND på dette området. Norge tenker i denne samanheng meir på pengar enn miljøet og lokalmat.

Klima-og forureiningsdirektoratet-(KliF) (tidlegare Statens Forureinings Tilsyn-SFT) ser ut til å ikkje bry seg so mykje om at vore fjordar blir forureina av miljøgifter. Det er visst viktigare med arbeidsplassar enn miljøet? Så lenge ei bedrift skapar arbeidsplassar så blir det ofte samanlikna med “utvikling og vekst”. Men er det “utvikling og vekst” å øydelegge og forgifte våre fjordar  ? Betyr ikkje lokalfiske og rein natur noko som helst lenger?

Ved Førdefjorden som er ein nasjonal laksefjord  er det no store planar om å starte opp ei gruvedrift fordi det finnast eit fjell her kalla Engebøfjellet som innehelde visstnok landets rikaste innhald av Titan. Gruveselskapet Nordic Mining ASA har søkt om å få utvinne 250 milliona tonn rutil (titaniumoksyd) for at dei skal sitte igjen med BERRE 3% Titan i løpet av 50 år. Ca.240 milliona  tonn gruveavfall vil bli dumpa i Førdefjorden. Det er sånn ca. 15.000 tonn gruveslam kvar dag rett i fjorden. Saman med gruveslammet vil det også bli slept ut ca. 2.500 tonn kjemikalier i året. Men det som er det mest urovekkandes er at gruveselskapet søker om  å få sleppe ut slam og kjemikalier i antatte mengder FØR dei faktisk veit kva dei vil sleppe ut i praksis. Industriprosessen er ikkje skikkeleg utreda og gruveselskapet seier også sjølv at dei vil justere ting etterkvart, men also etter dei er kome i gang. Gruveprosjektet er eit gedigent forsøksprosjekt som skal “opptimaliserast” undervegs. Stort sett har dei berre modellrekning og ikkje faktiske forhold å vise til. I Bøkfjorden i Finnmark har Sydvaranger gruve AS slept ut tonnevis med ulovlege kjemikalier i fleire månedar “fordi dei fekk uventa (?) problemer undervegs” med små partiklar. Det verkar som om det er heilt normalt å drive gruver på denne måten. Og det verste av alt er at sjølv om KliF oppdaga lovbrotet deiras så fekk dei forsette å sleppe ut giftstoffa der mens dei søkte om å få sleppe ut same giftstoffa……Med andre ord fekk lovbrotet absolutt ingen konsekvenser for gruvedrifta fordi ein må jo tenke på “utvikling og vekst” samt “økonomi”……..men miljøet? Neessjjjjj…pytt sann….ikke nøye..

Nordic Mining ASA har kjøpt sin konsekvensutrednings-dokumentasjon frå NIVA (Norsk Institutt For Vannforskning). Denne “dokumentasjonen” verkar svært so einsspora innretta mot å “glorifisere” gruveprosjektet. Gruveselskapet påstår at gruveslammet vil meir eller mindre ligg i ro på botn og ikkje spre seg i fjorden via verken strøm, vannomskifting, fjod/fjære, tempvariasjonar etc. Og den økologiske effekten på fjorden utafor deponiområdet vil heller ikkje lide noko nød i følge gruveselskapet……for alt ligger visst i ro på botn i deponiområdet må vete……og blir brytt ned……reine halleluuja stemningen der i gården……

Havforskningsinstituttet i Bergen (HI) har laga sin eigen “Høyringsuttalelse” basert på eigne undersøkelser og gått igjennom NIVAs dokumentasjon. Og her sluttar svært brått “hallelujastemningen”!  HI sin konklusjon er at dette gruveprosjektet overhodet IKKJE er miljøvennleg og bærekraftig igjennomførbart og at det kan få svært negative konsekvensar for den reine og artsrike Førdefjorden. Deponiet skal dekke eit område på 3-4km2 samt redusere fjordens naturlege djupne frå 350m til 150m. Det vil seie at djupvannsfisken som er der i dag aldri vil kome igjen. Andre konsekvenser kan vere at ålen forsvinner (som går opp i ei elv rett ved gruvedrifta), samt også elvemusling (som er i ei anna elv ved gruva). Mange rauslisteartar kan og bli trua og også kysttorsken som gyter minst 3 plassar i fjorden. Og for laksen som går i den *nasjonale laksefjorden* kan det også vere skadeleg. Og halve rekefeltet er mitt i deponiområdet! HI trur også at her er fleire vannomveltningar i året og at sannsynlegvis vil finpartikkelmassen frå slammet (ca.600 000-900 000 tonn pr år) spre seg i heile fjorden begge vegar som igjen kan vere svært skadeleg for maten til fisken (kreps, plankton mm). Og utan mat til fisken ingen fisk. Også ca 800 tonn ferskvatn pr time vil ende i fjorden og vere med på å spre slammet. Og på land vil sannsynlegvis 2 elver samt grunnvatnet bli forureina med tilsig frå gruva og eit stort landdeponi. Elvene vil og bli tappa for vatn til industriprosessen (3000-4000 tonn per time). Og dei som bur i nærleiken må flytte pga støy, støv, industrihus……..osv osv

Ca. 90% av titaniumoksyd blir brukt som kvit pigmentfarge i bla kosmetikk, tabelettar, tannkrem, matsminke og maling. Dette er eit fargestoff som har ingen næringsverdi men kun for at det skal “sjå kvitt og reint og fint ut”. Titan er forøvring blitt ettertrakta i nanoindustrien (bla solkrem), men den industrien kan faktisk vere skadeleg for menneskekroppen sidan nanopartiklar har vist seg å danne såkalte “frie radikalar” (i bla sollys) som igjen kan svekke vårt immunsystem og vere kreftframkallande. Elles er jo også krigsindustrien interessert i Titan…….Aluminium er visst ikkje lett nok for raske fly…

Men for meg verka det heilt utruleg at fjordane og fisken vi lever av skal måtte ofrast fordi industrien skal tene pengar på eit metall som stort sett ikkje gjere anna nytte enn forfengelegheit, krig og i verste fall er skadeleg for kroppen. Det finnast faktisk meir miljøvennlege alternativ…..

Er det ikkje heilt sprøtt å tillate at fjordane vore blir gjort om til avfallsplassar når verden lider av matmangel pga blandt anna miljøforureining og rovdrift på naturen av ulike slag ……Og so kallar ein dette “utvikling og vekst” og “sivilisasjon”………….?

Tips oss hvis dette innlegget er upassende