Dersom Gud finnast uavhengig av definering av kva Gud er, korleis skulle Gud klare å lage rettferdige lover som gjelder likt for all sin skapelse?  Dersom Gud er rettferdig, allvitandes, allestedsværandes, sannferdig, evig og barmhjertig kva hjelpemiddel ville Gud bruke for å oppfylle alle desse “krava” til seg sjølv i utgangspunktet?

Er ikkje Naturlovene dei einaste lovene som eksisterar på Jorda og i Universet som gjelder likt for alle og oppfyller samtidig alle Guds “krav” til seg sjølv? Naturlovene verkar å vere uforanderlege og ha ei synleg og ei usynleg side med tilbakeverkandes kraft der det ein gir via naturlovenes funksjon er det ein får tilbake via naturlovenes funksjon. Så rettferdigheita til Gud kan ligge i hans naturlegskapte energetiske lovsystem der Gud sjølve er via naturen allestedværandes og ser og høyrer alt……?

Naturlovene skiller seg klart frå dei menneskeskapte lovene.  Menneskeskapte lover kan vere relgionslover, sharialover, politiske lover, rettslover, barnevernslover, skulelover, grunnlover, naturvernslover, militærlover, skattelover osv. Felles for alle desse menneskeskapte lovene er at dei er foranderlege. Dei blir forandra årleg, månedleg, vekentleg og dagleg.

Guds vilje må då vere at vi følger Naturlovene og lever i balanse med naturen? Det er vel det som kan kallast bærekraftig bruk av naturen og Guds Skaparverk? Har ikkje vi mennesker sjølv ansvaret via vår Frie Vilje til å bli rettferdige ovenfor Gud ved å følge hans Naturlover? Følger vi Guds lover vil vi vere i balanse, harmoni, fred og glede. Følger vi dei ikkje vil vil vere i ubalanse, disharmoni, krig og sorg. Men begge delar må samtidig også vere eindel av Guds lover dersom lovsystemet er rettferdig og vi er gitt delaktigheit via vår eigen vilje til å finne ut av Naturlovenes beste måte å fungere på. Følger ikkje eins hjerte naturleg  Naturlovene slik at ein er i balanse med desse om ein lyttar til seg sjølv? Men om ein følger andre vil ein ikkje følge sitt naturlege hjerte og verte i ubalanse?

Kven har rett til å lage menneskeskapte lover som skal styre over oss når Gud allerede har laga dei overordna rettferdige Naturlovene for oss å leve etter?  Korleis kan relgiøse overhoder tru at dei har Guds rett til å gi oss jordiske foranderlege menneske lover når Gud allerede har gitt oss sine uforanderlege universelle lover frå fødselens av? Ingen har rett til å påby noko unaturleg for andre enn seg sjølv. For korleis kan desse som påbyr oss unaturlege lover tru at vi må gå igjennom dei og deiras tolkningslover for å finne Gud når alt Gud ber oss om å gjere er å gå igjennom oss sjølve? Gud krever ingen mellomledd eller autoritet mellom seg sjølv og oss som enkeltindivid. Det er kun menneskets eigen delaktige vilje til å velge vegen ein vil gå for å finne som har naturleg rett til å stå mellom menneske og Gud………..

Så kven trur på vranglære? Dei som følger andre menneskers ord ……eller dei som følger naturleg sitt eige hjertets ord ? Er ikkje eins hjertefølelsar vannkilden ein kan drikke av undervegs for å finne tilbake til livskilden einplass på vegen……? Kilden som alle menneska, dyra og livets rettferdige natur utspringer av via Guds Vilje og Naturlovene…..?

Tips oss hvis dette innlegget er upassende