Føler du deg begrensa av dagens system og begynner du å sjå ”galskapen” i måten vi lever på? Føler du at *systemet* helde på å bryte saman? Føler du at det er noko meir enn ”berre” dette A4 livet? Føler du vår syntetiske ubalanse med Jorda? Føler du at du lever inni eit ”reality spel” som ein plutseleg får i vrangstrupen og ikkje orkar å spele meir i, men klarer likevel ikkje å slå av ”spelet”….?

Tenk deg at du spelar i eit data spel som styrer hjernen din og måten du tenkar på. Dette spelet kan vi kalle ”ego spelet”. Og at det er utifrå dette ”egospelet” du opplever verden og din realitet frå.  Og tenk også at du forstod bevisst at du blei ”ubevisst” i dette ego spelet og aksepterte ”reglane” før du blei ”ubevisst”! Also du visste at du skulle vere ubevisst i ”spelet” før du blei det. Tenk deg vidare at dette ”ego spelet” er laga slik at det får oss til å ”skape” livet vårt  utifrå kun ytre påverknader og ikkje indre drømmer. Det andre data spelet vi har kan vi kalle ”høgare sjølv” eller ”sjelespelet” som er meir eller mindre ”slått av” eller blir ikkje ”lytta til” sidan ”ego spelet” er so forbaska høglytt og domminerande.

Tenk deg så at vi i spelet er ”fanga” i ein form for bevisstheit vi eigentleg kan kalle ”ubevisstheit” eller ”fryktbevisstheit” og at vi ikkje er bevisste på kven vi er, kvar vi kjem ifrå og kva slags enormt potensiale vi eigentleg har. Og at du frivilleg har gått med på å ”spele” dette ego spelet for å lære om deg sjølv og kva eigentleg ”frykt” er for noko. Og at ein av spelereglane var at du skulle ”gløyme” at du frivilleg gjekk med på å spele spelet. Og du visste og at…den som er med på leiken må tåle steiken. Så her er ingen å klandre! Vi har av Fri Vilje valgt å erfare dette ”kontrollspelet” vi no lever i frå eit anna bevisstheits-nivå?

Tenk deg så at ”Pengemakta” er dei som styrar ”spelet” som vi frivilleg (men dog ubevisst fordi vi har gløymt at vi bevisst godtok reglane) har gitt makta vår til slik at dei kan kontrollere oss med alle tenkelege og utenkelege midler. Spelereglane er som i Monopolspelet. Den med mest pengar og eigedommar ”vinner spelet”.  ”Pengemakta” er eigentleg dei som alltid vinner spelet sidan dei er ”banken”, men ein av spelereglane er og at ”dette skal ikkje spelarane vete om”. Og det finnast berre ein måte å avslutte dette ”ego spelet” på og det er å avsløre at alt i spelet er styrt av pengar og frykt og so huske å ta tilbake makta di frå hjernen til hjertet!

Så kan vi gå inn i sjølve ”spelet” og ALLE MIDLER pengemakta får bruke mot oss:

Dei grunnleggande påverknadsfaktorane som pengemakta brukar for å holde oss fanga i dette ”ego spelet” er blant anna følgande:

Pengesystemet:

Dette er ”rota” til all verdens problemer og blir i Bibelen kalla for  ”Mammon”!

Vi er i dag ”spele slavar” av pengesystemet. Verdensbanken er styrt av 5 organisasjonar og over denne er ”Sentralbanken” i USA (Federal Reserve System) som er privateigd (av 12) og lånar ut pengar til verdensbanken og sentralbank medlemmane rundt om på jorda med renter (IMF). Forstå at FRS er ikkje styrt av ”folket” i USA!!

I dag er det ikkje styresmaktene som styrar oss men dei store korporasjonane som gjere. Desse er igjen kompisar med pengemakta og verdensbanken. Vi er eigentleg dei som skapar pengane når vi tar opp lån og nedbetalar med renter som igjen verdensbanken og FRS får gleden av. I dag er det denne private pengemakta som meir eller mindre styrar verden sidan sentralbankane i verden skyldar den pengar i eit veksande tempo. Kva trur du eigentleg intervensjons krigen i bla Libya handlar om? Opprettelsen av ein ny ”sentralbank” som er styrt i kulissene av verdensbanken? Plassering av det usynlege ”sugerøret” mens det arabiske folket oppriktig håpar på ekte forandring? Dette har skjedd om og om igjen over heile verden for heile verden ”deltar” i monopolspelet.

Maten:  

Maten vi eter i dag kan knapt nok kallast ”mat”. Den er full i genmanipulerte greier, E-stoffer som forgiftar hjernen, giftige sprøytemiddel, bestråla (”dreper næringa”), hormonbehandla (veksthormon som forstyrrar kroppens normale vekst), kunstgjødsel, antibiotikarestar, tungmetaller…..trenger eg seie meir?)

All denne ”maten” er med på å redusere kroppen vår og vår tenkeevne og forhindre at vi ”huskar” vårt ”høgare sjølv”….

Vaksiner:

Vaksiner innehelde utruleg mange rare stoffer som ein skulle tru aldri ville bli brukt for å ”beskytte oss mot sjukdom” som bla Kvikksølv, Formaldehyd, Aluminium, Frostvæske mm  som also blir sprøyta rett i kroppen vår med 100% opptaksrate. Alle desse nevnte stoffa kan påverke vårt sentralnervesystem på svært negativ måte!

Vaksiner reduserar immunforsvaret vårt! Kroppen vår er overhodet ikkje skapt for å  ta vaksiner. Vaksiner er eit oppgulp frå pengemakta konstruert for å skape frykt og kontroll over oss. Dei gir neppe den beskyttelsen vi blir ”fortalt” at dei gjere.

Vi har allereie frå skapelsen av eit fantastisk immunforsvar som fungerar opptimalt om det ikkje blir forgifta via maten, lufta, vatn og vaksiner!

Medisiner:

I dag blir vi sjuke av ufattelege mange nye sjukdommar som ingen ser ut til å finne årsaken til. Eg trur mykje av forklaringa til at vi blir sjuke ligger i eit redusert immunforsvar pga alle giftstoffa vi omgir oss med og mat med lite næringsstoffer.

Vi får så medisiner mot eit ”problem” som stort sett er syntetiske og som også innehelde giftstoffer som igjen gir oss biverknader andre plassar og skapar nye ”problemer”.

Syntetiske medisiner gir ofte alvorlege biverknader av ulike slag sidan kroppen ikkje taklar so lett unaturlege stoffer og dei kan også påverke hjernen vår. Ego spelet gjere also til at vi fryktar det naturlege og trur på det unaturlege fordi vi er programmert til å gjere det og stolar ikkje på vår eigen sunne fornuft lenger.

Koffor trur du naturleg Hampolje er forbudt? Fordi det faktisk er eit universalmiddel mot det meste inkludert kreft? Hadde dette produktet vert tillatt ville vi neppe hatt brukt for legemiddelindustrien i det heile…..(satt på spissen for å få fram poenget).

Folkemedisinen styrkar kroppens eige immunforsvar som dermed fiksar årsaken til problemet. Den syntetiske medisinen fiksar problemet med ikkje årsaken til det.

Med andre ord to heilt ulike måtar å sjå på mennesket på.

Utdanningssystemet:

Stimulerar kun venstre ”utovervente” hjernehalvdel  der ”ego spelet” hovudsakleg oppererar”. Vi har alle blitt inndoktrinert eller kanskje skal eg seie Programmert via skulesystemet og utdanningssystemet til å skape og leve i pengemaktas versjon av denne ”realitetsverden”. Vi blir opplært til å vere kontrollerbare av andre enn oss sjølve og følgje dette ”kontrollsystemet” kalla ”samfunnet” slik at vi ubevisst er blitt dei perfekte ”slavar” som sjølve trur vi er ”frie”. Utdanningssytemet vårt er ein av ”grunnsteinane” til at vi lever i ein fryktbasert frekvensverden. Det er her ”ego spelet” blir ”plassert” i vår hjerne (hos barna våre) og som gjere til at vi er blitt som vi er utan evne til å tenke noko særleg heilheitleg sjølve. Konkurranse, ha dei beste papira og vere flinkast til å følgje ”systemet” blir belønna av ”systemet”. Dei som skiller seg ut får problemer og blir gjerne medisinert og får og gjerne ”dårlegare” papirer og blir also ikkje ”belønna” av systemet. Alt vi lærer er fokusert utover på den fysiske verda. Og vi blir lært at det er den ”realiteten” vi har å forholde oss til. Pengemakta bestemmer lærdommen også her.

Relgionssystema:

Helde menneska adskilt frå kvarandre tiltross for at vi alle er ”lysfasettar” frå same gudommelege urkjelde. Vi trur endå vi trur betre enn andre. Det finnas ingen grunn til å ”krige” om den rette måten å tru på.  Det finnast eit hav av ulike relgionssystemer i dag men dei er jo berre nok eit menneskeskapt *system* som vi trur vi må følgje for å bli frelst. Og pengar er dei glad i alle saman ser det ut til. Den opprinnelege lærdommen om menneskenaturen som relgionane var meint å gi oss er blitt holdt skjult for oss. Vi har alle eit ”hjerte” har vi ikkje? Så koffor søke utafor oss sjølve?

Politiske system:

Demokrati? Hahaha….for ein vits! Vi lever i dag under eit anarki og er styrt av frykt.

La oss berre innsjå fakta først som sist. Vi lever i eit økonomisk diktatur som nærmar seg fascistiske tilstandar. Also eit fullstendig kontrollsystem. Demokratiet eksisterar overhodet ikkje lenger (og har vel knapt nok gjort det?). Det er pengemakta som styrer oss. Korrupsjon ser ut til å ha tatt heilt overhånd og politikkarane som ”styrar” oss er oppkjøpt av pengemakta. Politiske parti , partiboka og vår stemmerett er ein illusjon sidan det eigentleg er pengemakta som styrer heile showet (øh…spelet meinte eg).

Militæret&Krig:

Vi kriger mot kvarandre i håpet om å oppnå fred og skjønner endå ikkje at krig aldri har skapt anna enn meir krig og aldri fred. Vi trur vi er betre enn dei andre vi krigar mot fordi? Dersom ingen startar ein krig blir det faktisk fred. Det er jo berre heilt logisk enkelt og greitt. Vi er alle likeverdige og det er absolutt ingen grunn til å krige i det heile! Kampen mot terror er ein illusjon konstuert kun for meir kontroll over oss! Og kven er dei einaste som tenar pengar på krigane i verda? ……..Pengemakta?? …!

Media

I dag er ca.96% av all verdens media stasjonar eigd av 6 store private korporasjonar (pengemakta) som bestemmer kva informasjon vi skal få ”servert som sannheita”. Kanskje berre 5-10 % av det vi ”får servert” er eigentleg sant? Resten er eit gedigent skuespill satt i scene av dei ”6” som veit utmerket godt kva som skal til for å styre sine ubevisste ”speleslavar”.

Negativ omtale om f.eks vaksiner eller genmanipulert mat blir vekk sensurert sidan dei som eig media også er medeigarar i vaksineindustrien og genmanipulerings industrien.

Og reklamen og underholdninga gjere oss rett og slett dumme og hjernevaska.

Media er eit gedigent Proppaganda apparat satt i scene av …..pengemakta! SLÅ AV TV!

I tillegg blir vi påverka av ulike elektromagnetiske stråling frå elektriske artiklar, mobiltelefon, TV, Radio, Haarp, GPS, Monstermaster osv som alle er med på å holde oss ”fanga” i fryktfrekvensen slik at vi sliter med å finne ”oss sjølve”………

Frykt:  

Alle desse *system*faktorane* nevnt over her har vi ubevisst vore med på å skape via ”monopolspelet” og ”frykttankar” og dei har alle ein ting til feller: Dei helde oss alle i ein konstant fryktbevisstheit og er med på å påverke kroppen vår både psykisk og fysisk til å for bli i ”ego spelet” og forhindrar oss i å komme ut av denne Matrixen (”fengselet”). Alle desse ”Systema” gjere oss stressa, apatiske, sinte, sløve, sjuke osv.

Vi fryktar:  Oss sjølve, Gud, det ukjente, mørket, døden, pengemangel, sjukdom, pandemier, global oppvarming, miljøkatastrofer, meteorittar, krig, matmangel, aids, arbeidsledigheit, skille seg ut, dumme seg ut, osv osv. Vi lever i ein verden fyll av frykt og forblir i denne verden til vi klarer å fjærne frykta frå vore liv. For kva er det eigentleg å frykte anna enn frykta i seg sjølv?

Frykt ikkje å bli ditt sanne” sjølv”. Aksepter alle erfaringane i livet ditt som ein lærdom som må til for at nettopp du skal gi slepp på ”frykta”. Husk berre at det var for å lære om nettopp ”frykta” vi i utgangspunktet av fri vilje valgte å spele dette ”spelet”. Prøv å sjå heile bildet og ikkje forbli i detaljane for det er i detaljane frykta har makta over oss.

Vi mennesker på jorda i dag har slik eg tenker meg det ein Unik sjanse til å avslutte dette ”ego spelet” som rullar og går i hjernen vår. Men vi har ein enorm utfordring foran oss.

For problemet er kanskje som Albert Einstein visstnok skal ha sagt eingong :

”Ingen problemer kan bli løyst utifrå det same nivået av bevisstheit som det blei skapt av”.

Dette er utruleg viktig at du tenker over og prøver å forstå fordi det er NO vi legger  ”grunnsteinen” til neste syklus. Alt handlar om energier og det viktigaste redskapet vi har er intuisjonen (”magefølelsen”) som er direkte råd til deg frå ditt eige Høgare Sjølv.

Prøv å forstå at vi kan ikkje ”skape” ein betre verden utifrå eit ”ego bevisstheits nivå”. Vi må først avslutte ”ego spelet” ved å ta tilbake makta vår og gi den til hjertet vårt. Det er kun opp til oss sjølve individuelt og frivilleg å gi slepp på dette ”ego spelet” , tilgi oss sjølve og bli den vi verkeleg er innerst inne. Der vil vi finne naturleg balanse med jorda og få indre fred. Skal vi skape ein betre verden må det also skje vha ”hjertetankar” og ikkje ”frykttankar”. For ”hjertetankane” ville aldri ha forgifta si eiga Jord slik som ”frykttankane” gjere i dag?  Skjønner?

Tenk deg at vi er no er i slutten av ein naturleg syklus og at det er her vi bestemmer ”retninga” på den nye syklusen utifrå vårt bevisstheitsnivå. Kanskje er det sjansen til ”energiskifte” Mayakalenderen, Jordas og solas passering over galaksens ”ekvator”, månens størrelse, solas enorme aktivitet og potensielt polskiftet alt handlar om? Mest sannsynleg har vi gjort dette mange gongar før men ikkje vore det bevisst og derfor forblitt i ”fryktfrekvensnivået” i ein ny syklus?

Vi har visstnok no fått eit ”nytt” stjerneteikn å forholde oss til sånn heilt plutseleg. Dette stjerneteiknet heiter ”Slangebæraren” (Ophiuchus). Kanskje kan ein og kalle det for ”Frekvensbæraren” og at det er eit Symbol for dette skifte vi no er i sluttfasen av? Den konkrete og vitenskapelege syklusen eg snakkar om her er Astrologiens syklus på ca 26.000 år. Dette er ikkje berre svada! Eg trur at vi kan velje kva frekvensnivå vår neste syklus skal ligge på utifrå kva bevisstheitsnivå vi velger å ”skape” det frå. Slangebæraren er eit urgammalt stjerneteikn frå mytologien. Og vi har moglegens tida på oss til å heve vårt  frekvensnivå fram til november 2011 ? Slangebærarens periode er frå 29 nov. -17 des.

Tenk deg at vi er alle frå den same kollektive bevisstheita og at det er berre vi som kan forandre ”spelereglane” først individuelt og dermed umiddelbart kollektivt og ingen andre.

For gidder vi dette ”spelet” meir da???? Er du ikkje lei av å la deg manipulere og begrense? Kan vi ikkje heller ”spele” noko kjekkare der vi er Bevisste og ikkje Ubevisste?

Så vil du frivillig ta tilbake Makta di og plasser den i ditt hjerte?

Dine redskaper du alltid kan stole på og følgje er:

Lytt og følg intuisjonsråde du får frå ditt eige indre høgare sjølv

Vær ærleg ovenfor deg sjølv (og dermed andre) og følg din samvittigheit

Og handl deretter utifrå desse ”vitner”.

Følg det ditt HJERTE begjærar (og ikkje det din hjerne begjærar).

Ikkje la deg lede av andre enn deg sjølv

Bli som eit barn igjen i ditt sinn , fri og leiken

Bruk ”følelsesspråket” frå hjertet (høgare sjølv) som vi har gløymt for det er det einaste språket som kan overstyre hjernens ”ego språk” (ego spelet) fordi det har krafta til kjærleiks-energien i seg.

Vi ER dei vi har venta på…………(Hopi indianerne)

Vær forandringa du ønskar å sjå i verda………..(Mahatma Gandhi)

Vær mot andre som du vil at dei skal vere mot deg…(Jesus)

Eg er ein annan deg…… (Maya)

Der er ingen veg til glede. Glede er vegen (Buddha)

Tenk Sjølv og ikkje la andre gjere det for deg….(nøkkerosa ??  ;)  (hihi)

Ikkje la deg begrense av frykta, men tilgi deg sjølv og gi slepp på frykta….

Berre vær Deg Sjølv etter beste evne og lev i nuet…..

Og husk at du eigentleg er ein stråålandes vakker engel full av kjærleik innerst inne i ditt hjerte og at denne engelen er ditt Høgare Sjølv. Og vi er alle forbunde med kvarandre og til Jorda via energibaner som små lysandes fasettar frå Skapelsen. Vår ekte bevisstheit er av kjærleiksenergi og overgår alt anna i styrke og kraft…..

Og dette var berre min måte å ”sjå” verden på utifrå mitt ”fasettauge”. Du har din eigen spesielle måte å sjå verden på. Men vi er likevel alle likeverdige berre med ulikt utkikkspunkt………….Vi er alle ein del av den same Einheita…derfor ”eg er ein anna deg”……………..

Lykke til På Din Veg  mot Sannheita og Livet ;)

( …..så………var dette berre heilt vilt tankespinn syns du………….eller??)

Tips oss hvis dette innlegget er upassende